Undersider:

ØyVAR har alltid tilsette på vakt som skal kunne ta i mot meldingar om feil og manglar i vassforsyninga eller i avløpssystemet.

Kor tid kjem septikbilen?

Det blir alltid sendt ut varsel om septik-tømming i god tid på førehand. Treng du ekstratømming? Det er ei tømming av septiktanken din utanom ordinær rutetømming. Slamavskiljarar for einebustader skal etter lova tømmast kvart andre år. Ved fritidsbustader skal dei tømmast kvart fjerde år.

Kloakklukt i huset

Som oftast kjem dette problemet av at ein vasslås tørkar ut. Vasslåsane tørkar ofte ut om t.d. varmekablar ligg for nær vasslåsen, eller ved lite bruk av dusj/vask. Tips: Ha i litt vatn og eit par dråpar med matolje i sluken. Oljen legg seg på toppen og hindrar fordamping.

Kva skal ikkje kastast i toalettet?

For å sikre optimal drift av septiktanken og hindre at røyr o.l. tettar seg, må du passe på at desse tinga ikkje hamnar i toalettet:

  • våtserviettar
  • filler
  • WC-blokker
  • olje
  • feitt
  • ribbefeitt
  • bleier
  • bind

Slamavskiljar

Ein slamavskiljar fungerer på den måten at alt slammet går i 1. kammer i septiktanken. Vidare blir det separert over i 2. og 3. kammer, der utløpet til tanken er. Slamavskiljarar er mest brukte til vanlege einebustader.

Ved tømming av slamavskiljarar blir heile tanken tømd før det reinsa vatnet blir returnert til tanken. Slamavskiljarar for einebustader skal etter lova tømmast kvart andre år. Ved fritidsbustader skal dei tømmast kvart fjerde år.