Sidemeny:

ØyVAR har alltid tilsette på vakt som skal kunne ta i mot meldingar om feil og manglar i vassforsyninga eller i avløpssystemet. Dette kan til dømes vere vassleidningsbrot eller tette avløpsleidningar.

Dersom feilen ligg i det offentlege leidningsnettet, vil vakta vurdere om dette er noko som må utbetrast straks. Kan det vente til seinare, vil reparasjonar som kan gjerast på dagtid, vere rimelegare enn om dei må utførast om natta. Dersom feilen ligg på det private leidningsnettet, vil vakta kunne opplyse om kven ein kan kontakte for å få vidare hjelp. Feil og manglar på det private leidningsnettet må den enkelte abonnenten sjølv ta ansvar for å få utbetra.

Vakttelefonen gjeld berre for vatn og avløp. Vi har ikkje ansvar for brøyting, vegvedlikehald eller tilsyn med offentlege skular og andre bygg. Spørsmål om dette skal rettast til Øygarden kommune.