Undersider:

Slik kjem du i gang Avtalegiro

  1. Tilbod i nettbanken: Når du betaler ei rekning til ei bedrift som tilbyr betaling med AvtaleGiro, vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ønskjer å opprette ein AvtaleGiro-avtale. Når du aksepterer tilbodet, blir avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft, og må betale rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivert.
  2. På ØyVAR sin nettside: Last ned denne PDF’en, og opprett avtale med BankID.
  3. Tilbod i posten: Vi har to gonger sendt tilbod om AvtaleGiro i posten. Eventuelt finn du svarkupongen her:Link til avtalegiro… Fyll ut svarkupongen og send den i retur.
  4. Kontakt banken: Kontakt kundeservice i banken din, eller gå innom næraste kontor for å opprette ein avtale.

Fordelar med AvtaleGiro

AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste fakturaer. Det vil seie at banken sørgjer for at fakturaene blir betalte direkte frå din konto på forfallsdato. Du beheld full oversikt over både betalte og ubetalte fakturaer. Du kan velje å bli varsla på e-post kvar gong du mottar ein ny faktura i nettbanken. Før forfall får du varsel om komande betaling. Varselet viser spesifisert beløp og dato for betaling. Du kan enkelt stoppe betalinga i nettbanken eller ved å kontakte banken. På forfall belastar banken kontoen din og overfører beløpet til ØyVAR AS. Etter forfall kan du kontrollere at fakturaen er betalt. Kontoutskrifta gjeld som kvittering for betalte fakturaer. For å registrere ein AvtaleGiro avtale må du ha referanse som er KID-nr. Nåde kundenummeret ditt og KID-nummer finn du på ei tidlegare tilsendt faktura frå oss.

Ofte stilte spørsmål til AvtaleGiro

Kva kostar det å nytte AvtaleGiro?
Hør med banken din. Generelt er det ein av dei billigaste måtane å betale faktura på.

Kva meinast med beløpsgrense?
Beløpsgrensa er maksimumsbeløpet du tillater trekt frå din konto med AvtaleGiro.

Kan eg velje å ikkje mota varsel i forkant av betalinga?
Dersom du ikkje har behov elle ønskje om å motta slikt varsel ta kontakt med banken din, eller gjer endringa sjølv i nettbanken.

Kan eg stoppe ein betaling eller avslutte ein AvtaleGiro avtale?
Ja, du kan både stoppe betalingar og avslutte avtaler direkte i nettbanken.

Kvifor er ikkje betalinga gjennomført, når eg har oppretta avtale og det er pengar på konto?
Kontroller at avtalen er oppretta i eigen bank, samt at beløpsgrensa ikkje er sett for lavt. Beløpsgrensa kan du sjølv endre i nettbanken. ØyVAR AS har ingen informasjon om kva beløpsgrense som er registrert. Dersom alt er ok i banken, sjekk med ØyVAR AS o vi faktisk har registrert at du skal betale med AvtaleGiro.

Kva skjer viss fakturaen er høgare en beløpsgrensa eg har avtalt med banken?
Då vil banken kontakt deg, og du må betale fakturaen på vanleg måte. Spesielt ved overgang til nyttår så kan det vere endring i fakturabeløp på grunn av endring i prisar etc.

Kva skjer når eg ikkje har dekning på konto på forfallsdato? Dei fleste bankar gjer ytterlegare dekningsforsøk dei neste fire verkedagane etter forfall. Dersom du framleis ikkje har dekning, vil u i nettbanken sjå at betalinga er stoppa- denne kan du sjølv aktivera igjen. Nokre bankar vil informera sine kundar når ein betaling er stoppa, samt gje opplysning om korleis dei kan betale.

Eg har bytta bank, Kva gjer eg for å fortsette med AvtaleGiro? Då må du opprette AvtaleGiro avtale i din nye bank. Ved at du opprettar AvtaleGiro avtale i den nye banken vil din gamle avtale automatisk bli avslutta. Dersom du allereie har fakturaer som ligg til forfall med AvtaleGiro , bør du vente med å endre avtalen på desse til etter forfallsdato, fordi belastingskrav ikkje vert overført til ny bank. Ny avtale kan du sjølv opprette i den nye nettbanken eller ved å kontakte din nye bank.

Kva meiner ein med beløpsgrense?
Beløpsgrense er maksimumsbeløpet du tillater trekt frå din konto med AvtaleGiro.