Innhenting av hushaldsavfall er ein samfunnskritisk teneste. Vårt hovudfokus er å hente avfall frå alle husstandar som vanleg. Vi jobbar løpande med beredskapsplanar og kva for tiltak vi skal gjennomføre framover.

Frå laurdag 14. mars stengte vi gjenbruksstasjonen i Lonavegen for å for å avgrense smittekjelder ved å ikkje samle tilsette på tvers av avdelingane renovasjon, VA og administrasjon. Vårt primære fokus er å oppretthalde kontinuerleg drift sjølv om dette per 17. mars betyr berre ein gjenbruksstasjon i drift.

Følgande oppfordringar frå ØyVAR:

  • For å beskytta sjåførane i BIR Transport og Norsk gjenvinning som tømmer dunkane i Øygarden; pass på at avfallet ditt ligg i dunkane, og ikkje hamnar på utsida – loket må vera på.
  • Vi ber om at alle abonnentar vaskar seg godt på hendene før og etter dunken vert trilla ut for tømming. Vask handtak og lokk på dunkane.
  • Alle skulebesøk og omvisingar er avlyst inntil vidare.
  • Til dei som besøker gjenbruksstasjonen i Midtstegen:
    • Du er velkommen til gjenbruksstasjonen dersom du føler deg frisk og rask.
    • Vi forutsetter at du er utanfor karantene og ikkje har vært i kontakt med syke.
    • Sorter avfallet grundig i forkant av besøket. Husk gjennomsiktige plastsekker.
    • Hold to meter avstand til våre rettleiarar og andre besøkande. Vær effektiv.
    • Vi tek ikkje imot kontantar for å redusere smittefaren. Betaling skjer med vipps eller blipp kortet!

Lagt inn: 17.03.2020