I samband med situasjonen i Ukraina er det mange som er uroa for kva som kan skje her hos oss. Vi i ØyVAR har hatt kontakt med aktuelle direktorat for å vere sikre på at planane våre for å kunne levere eit trygt og sikkert drikkevatn er gode nok for dei situasjonane ein prøver å sjå for seg.

Frå sentralt hald blir det anbefalt å ha utstyr og mat/drikke for minst 3 døgn i heimen. Dette er uavhengig av situasjonen i Ukraina. Vi anbefaler at alle les denne oversikta og skaffar seg det dei manglar.

https://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap/hendelser-og-kriser/mat-og-drikke-du-bor-ha-i-hus-i-tilfelle-krise/

Anbefaling om lagring av vatn:

· Reingjer flasker eller dunkar med såpe og vatn, og skyl dei. Tilset deretter to korkar hushaldsklorin per 10 liter vatn. Lat det stå i minst 30 minutt før du skyl godt.

· Etter reingjering fyller du flaskene eller dunkane heilt fulle med kaldt vatn frå springen. Lat vatnet renne heilt til det er kaldt.

· Lagre vatnet på ein mørk og kjølig stad utan direkte sollys. Sollys og høg temperatur kan langsamt bryte ned plastbehaldarar. Det kan føre til lukt og smaksstoff i vatnet, og på sikt til vekst av algar.

· Vatnet skal ikkje oppbevarast i rom saman med bensin, plantevernmiddel og andre liknande stoff. Årsaka er at damp frå desse kan trengje inn i plast.


Lagt inn: 22.03.2022