🌊 Bli kjent med Stig Hagenes, vatnmeisteren hos ØyVAR! Han har ein sprudlande overbevisning: vatnet er viktigare enn straum. 🌊

Stig har ansvar for at vatnet i Øygarden kommune flyt som det skal. Han er fagleiar for vatn og avløp og tek seg av alle anlegga som om dei var hans eigne..

Med fem hovudvassverk, nitti avløpspumpestasjonar og ein haug med avløpsreinseanlegg, er det ingen tvil om at Stig har hendene fulle. Stig har vore ein trufast medarbeidar hos ØyVAR sidan 2010. Han er rett og slett ein ekte vatnets voktar!

Vatn er viktigare enn straum 

Stig trur ikkje folk alltid tenker over kor viktig vatnet er i kvardagen deira. Han er som ein vatnets misjonær, klar til å opne augo dine for den skjulte verda bak krana.

  • Vatnet er svært viktig for folk. Vatn er viktigare enn straum. Når vatnet forsvinn, skjønar ein plutselig kor mykje ein faktisk brukar det til. Vatnet er ikkje berre der for å slukke tørsten vår, men òg for å få klesvasken til å fungere og toalettet til å skylje, seier Stig. 

Korleis fungerer vatnets veg til kranen? 

Stig avslører hemmelegheita bak reisen til vatnet. 

  • Det startar med å sikre vatnkjelda på ein forsvarleg måte for å unngå forureining. Dette kan vere ein krevjande prosess, men når kjelda er trygg, har dei eit godt grunnlag for å levere reint drikkevatn. Vatnet blir deretter filtrert gjennom sandfilter og desinfisert med UV-strålar. Gjennom eit komplekst system av pumpestasjonar og lange leidningsnett finn vatnet vegen til krana til folk, forteller Stig med stort engasjement. 

Kvalitet og kontroll:

Vatnkvaliteten i Øygarden er jamt over svært god, takka vere Stig og kollegaene sin  innsats. Men det er ikkje berre kvaliteten som tel, det er òg viktig å unngå avbrot i leveransane.

  • Øygarden har mange kjelder og renseanlegg som kan støtte kvarandre. Om eit anlegg skulle svikte, er det alltid ein backup-plan på plass. Det gir tryggleik for alle som er glade i vatnet her i området, seier Stig. 

Vatnkvalitetens betydning for helse:

Stig understrekar at vatnkvaliteten er alfa og omega. Han peikar på nabokommunen Askøy som eit skremmande døme på kva som kan skje når vatnet ikkje er i orden. Der førte eit utbrot av bakterien Campylobacter i drikkevatnet i 2019 til at over 2000 personar vart sjuke.

  • Det er eit mareritt for kvar kommune å løyse slike problem. Derfor jobbar eg og ØyVAR hardt for å overvake og kontrollere vatnkjelda og reinsesprosessane. Frå kjelda til krana er helsa vår avhengig av vatn av høg kvalitet, meiner Stig. 
ØyVAR har nylig også fått på plass ein portabel nødforsyning av vatn som kan fraktast til kritiske lokasjonar som for eksempel sjukeheimer dersom kriser skulle oppstå.

Spenningsfylt jobb kvar dag!

Stigs kvardag er full av spenning og overraskingar. Sjølv om det er rutineoppgåver, kan han aldri vite kva som vil skje. 

  • Ingen kvardag er lik. Du må være klar til å handle på sparket om noko går gale. Det er den viktige rolla til vatnet som gjer jobben så spennande og givande, seier Stig. 

Framtida for ØyVAR:

Stig ser ei lys framtid for ØyVAR. Han meiner dei er  godt på veg til å nå måla sine.

  • Om fem år vil vi vere endå nærare å oppgradere leidningsnettverket og kanskje til og med byggje eit nytt anlegg. ØyVAR har eit stort utviklingspotensial med større kjelder, utviding av infrastrukturen og kanskje eit endå større vassverk. Eg gleder meg til fortsettinga, avsluttar Stig. 

Lagt inn: 04.07.2023