På fakturaen er det éin post for kvart gebyr du betalar.

Abonnementsgebyr er den faste delen du betalar uavhengig av kor mykje vatn du brukar. Fastleddet er todelt og består av ein fast del og ein arealbasert del:

Vatn – Abonnement fast er den faste delen av vassgebyret som består av ein fast sats pr brukseining eller pr. bueining på eigedommen. Satsen er kr 600 pr eining.

Eksempel: Ein einebustad med hybel tilseier 2 bueiningar og vil då belastast for to einingar: 2 x 600 kr = 1.200 kr.

Vatn – Abonnement variabel er den faste, variable delen av vassgebyret som blir berekna ut frå bustadens bruksareal. Prisen for fastleddet er 8 kr pr kvadratmeter.

Eksempel: Ein einebustad på 200 kvadratmeter (m2) må betale 1600 kr.

Vatn – Forbruk, areal betyr berekna eller stipulert vassforbruk. Alle som ikkje har vassmålar som kan måle kor mykje vatn som nyttast, betalar for eit stipulert forbruk. Forbruket er berekna til 1,2 kubikkmeter vatn pr. kvadratmeter i året (1,2 m3/m2). Satsen frå 01.01.2020 er 17,86 kr pr kubikkmeter (m3) vatn.

Frå førre post veit vi at bustaden er på 200 m2. Dette skulle tilseie at forbruket blir 240 kubikkmeter vatn. Men, det er i gebyrregulativet for 2020 satt ei øvre grense på 180 m2 pr bueining ved utrekning av stipulert forbruk. Så i dette eksempelet blir forbruket stipulert til 216 kubikkmeter vatn (180 m2 x 1,2). I fakturaen er faktoren på 1,2 tatt omsyn til i prisen: 17,86 x 1,2 = 21,43. Prisen for stipulert forbruk er dermed omrekna til 21,43 kr pr kvadratmeter (m2). Dette utgjer kr 3.858 i året.

Avløp – Abonnement fast er den faste delen av avløpsgebyret som består av ein fast sats pr brukseining eller pr bueining på eigedommen. Prisen for fastleddet er 2500 kr pr eining.

Avløp – Abonnement variabel er den faste, variable delen av avløpsgebyret som blir berekna ut frå bustadens bruksareal. Prisen for fastleddet er 5 kroner pr. kvadratmeter.

Eksempel: Ein einebustad på 200 kvadratmeter (m2) belastast med 1000 kr i året.

Avløp – Forbruk, areal betyr berekna eller stipulert forbruk. Alle som ikkje har vassmålar betalar for eit stipulert forbruk. Forbruket er berekna til 1,2 kubikkmeter vatn pr. kvadratmeter i året (1,2 m3/m2). Satsen frå 01.01.2020 er 24,39 kr pr kubikkmeter (m3) avløp. Det er i gebyrregulativet for 2020 satt ei øvre grense på 180 m2 pr bueining ved utrekning av stipulert forbruk.

I eksempelet er bustaden på 200 m2. I dette tilfellet blir forbruket stipulert til 216 kubikkmeter (180 m2 x 1,2). I fakturaen er faktoren på 1,2 tatt omsyn til i prisen: 24,39 x 1,2 = 29,27. Prisen for stipulert forbruk er dermed omrekna til 29,27 kr pr kvadratmeter (m2). Det utgjer kr 5269 i året.

Reno – Vanleg hushald er det ein ordinær bustad må betale for renovasjon. Det inneber 3 spann; mat, rest og papir. Har du valt andre størrelsar på spann eller anna hentefrekevens vil prisane kome fram av gebyrregulativet for det gjeldande året.

Reno – Grunnpris hushald er det abonnentar i tidlegare Sund må betale for renovasjon. Det inneber 2 spann; rest og papir. Prisar for ekstratømmingar kjem fram av gebyrregulativet for 2020.

Slam – Årsgebyr bustad – Dette er eit gebyr som bustader som har slamavskiljar/septiktank med eige/privat utslepp betalar. Satsen er kr 1480 pr. bueining pr. år.

Slam – Årsgebyr kontroll er eit gebyr som skal nyttast til kostnader i samband med kommunens kontroll av og tilsyn med avløpsanlegg. Kvar eigedom skal betale eit gebyr per avløpsanlegg det er knytt til. Satsen er 50 kr pr. år.


Lagt inn: 26.03.2020