Ein del av kundane til ØyVAR som har avtale om AvtaleGiro har ved ein feil fått dobbelt trekk på faktura for 3. termin som ligg til forfall i banken 31.mai.

Vi har fått melding frå våre samarbeidspartnarar, Nets og Azets, om at det gamle trekket er kansellert og nytt sendt ut. Dette vil kundane våre sjå i nettbanken i morgon tidleg, onsdag 26 mai. Korrekt beløp vil bli trekt på forfall 31.05.2021.

Dei kundane det gjeld vil få melding om dette direkte i nettbanken.

Om du har sletta trekket manuelt frå nettbanken, ta kontakt med postboks@oyvar.no for fakturakopi.

Beklagar ulempa dette fører med seg.


Lagt inn: 25.05.2021