Kvar dag set vi inn nye ting i brukthallen. Kva det er, kjem heilt an på kva som blir levert inn på gjenbruksstasjonen. Brukthallen er stor, og kjem du innom ofte nok kan du truleg innreie ei heil leilegheit med alle skattane du kan finne her.

Det er bra for deg, og ikkje minst for miljøet.

Brukthallen på Midtstegen gjenbruksstasjon

Håpar fleire vel ombruk

- Vi ynskjer å sette fokus på ombruk og alle miljøfordelane med det. Vi har lagt til rette for at møblar og andre fullt brukbare gjenstandar kan få “eit nytt liv”. Om fleire nyttar seg av tilbodet vil fleire gjenstandar også finne vegen inn i brukthallen. Vi håpar at dette tiltaket skal få fleire til å velje brukt framfor å kjøpe nytt, seier fagsjef renovasjon, Espen Elstad, i ØyVAR. 

- Dess mindre avfall vi skapar, dess betre er det for miljøet.

Kjem du innom brukthallen?

Kvar fredag er Midtstegen gjenbruksstasjon stengd. Då ryddar vi og gjer klart til laurdagens besøk. Laurdagar har vi ope frå 09.30-16.00, og måndag til torsdag har vi ope frå 10.00-19.00. 

For å sørgje for at alle får like moglegheiter til å finne skattar, har vi avgrensa kor lenge du kan opphalde deg i brukthallen kvar gong. Kvar besøkande har 15 minuttar på å finne skattane, så her gjeld det å tenke fort. Kjem du innom på skattejakt?


Lagt inn: 25.01.2024