Frå måndag 8. februar vert drifta av gjenbruksstasjonane råka av strengare smitteverntiltak. Først for ei veke fram. For å ivareta smittevernet vert det avgrensa innslepp på stasjonane for å sikre god avstand mellom både publikum og tilsette. Folk skal halde 2 meters avstand. Dette inneber at berre annankvar plass på rampa skal nyttast og det er maksimalt 6 bilar som kan vere inne på stasjonen til ein kvar tid.

Bruktboden i Midtstegen der ein har kunne hente ut gjenstandar gratis, vert nå midlertidig stengt.

Publikum vert oppfordra til å nytte munnbind også på gjenbruksstasjonane.


Lagt inn: 08.02.2021