Har du planar om å klargjere hagen for sommarsesongen? Då har vi ei gladmelding til deg: Frå i år er det heilt gratis å levere inn hageavfall på Midtstegen gjenbruksstasjon. Og du slepp også å stå i den vanlege køen inn til stasjonen, for no har vi laga til eit eige mottak for hageavfall på andre sida av vegen for gjenbruksstasjonen.

Hageavfall i sekkar må tømmast. Sekkane kastar du i eigen behaldar. Sjå også gjennom hageavfallet ditt og ta ut uønskte artar som til dømes parkslirekne, rynkeroser, gullregn, lupinar, kjempebjørnekjeks og plantar frå mispelfamilien. Desse artane skal ikkje kastast med hageavfallet, men kastast i restavfallet inne på gjenbruksstasjonen. Hageavfallet vert kverna og kompostert til nye jordprodukt.

Det er ingen god idé å dumpe hageavfall i naturen, for slike villfyllingar blir fort yngleplassar for rotter og andre skadedyr. Å brenne det når det er tørt i graset, er heller ingen god idé. Lever det i staden til oss på Midtstegen gjenbruksstasjon, så sørgjer vi for å kverne og kompostere hageavfallet ditt til nye jordprodukt.

Her finn du opningstidene til Midtstegen gjenbruksstasjon i Skogsvåg. Hugs at gjenbruksstasjonen på Straume er stengt for oppgradering til 2025, så hageavfallet må leverast på Midtstegen gjenbruksstasjon.

 

 


Lagt inn: 23.04.2024