Det er berre glas- og metallemballasje og tekstil som kan kastast på returpunkta. Likevel dukkar det stadig opp anna spesialavfall, som krev store ressursar å fjerne. 

Nesten kvar veke må renovatørar rykke ut etter at nokon har sett frå seg farleg avfall, madrassar, sofaer, sofaputer og anna boss rundt konteinarane på returpunkta. Dette er avfall som må leverast til gjenbruksstasjonen på Midtstegen i opningstidene. Miljøpunktet på Tjeldstø tek i mot farleg avfall, el-avfall, papp og papir, hushaldsplast og kvitevarer.

Oppryddinga etter slik forsøpling krev store ressursar og tid. For kvar gong ØyVAR sine renovatørar finn avfall som ikkje høyrer til på returpunkta, må eigne lastebilar rekvirerast. Forsøplinga er også utriveleg for lokalmiljøet. 

Heldigvis er dei fleste gode på å sortere glas- og metallavfall, og levere spesialavfallet sitt på riktig stad. No håper ØyVAR at fleire vil jobbe saman for miljøet og gjev ei viktig påminning om kva som kan kastast på returpunkta. 

På returpunkt kan du kaste dette i glas- og metallemballasjekonteinaren:

  • Glasflasker, både klårt og farga glas.
  • Glaskrukker
  • Hermetikkboksar
  • Mjuke metallboksar
  • Aluminiumsfolie
  • Øl- og mineralvatnboksar
  • Metallokk/ metallkorkar
  • Metalltubar
  • Telyskapslar

Du kan ikkje levere:

  • Porselen, keramikk, krystall
  • Speil
  • Vindusglas
  • Ildfaste formar
  • Lyspærer
  • Batteri
  • Malingsspann
  • Metallgjenstandar som ikkje er emballasje (til dømes steikepanne, kasserollar, bestikk, bildelar, småting av metall som mutrar, skruer og spiker)

I tøyinnsamlingsboksen kan du levere:

Tekstil og klede som er reine, tørre og utan lukt, og heile og brukbare sko. Sko treng ikkje å vaskast.

Du kan òg levere øydelagde tekstilar, men legg dei då i ein eigen pose som du merkar med “øydelagde tekstilar”. Tekstil skal ikkje i restavfall, då dei skapar store klimagassutslepp frå forbrenning.

Du kan ikkje levere:  

Sofaputer, madrassar og tekstilmøblar. Desse leverer du på gjenbruksstasjonen i opningstidene. 

Her kan du lese meir om kjeldesortering, og her finn du kart over kor du finn returpunkta i Øygarden.


Lagt inn: 25.01.2024