Fjell kommune har sortering av matavfallet og brenn det ikkje. Alt matavfallet som blir samla inn i kommunen blir utnytta fullt ut. Matavfallet blir no til biogass og gjødsel. Grunnen er at vi ønskjer å utnytte all energien frå matavfallet, også karbondioksida som blir frigjort ved kompostering. Det er meir miljøvenleg og rimelegare for FjellVAR AS å behandle. Dei leverandørane som vel å brenne matavfallet, då vil væska fordampe og næringsstoffa forsvinner; også fosforet som er ein knapp ressurs i verda. Framtidig biogassanlegg på Vestlandet ville gjort at ein kunne handtere matavfallet lokalt.


Lagt inn: 25.09.2016