Frå 1. januar blir det innført nye reglar for kjeldesortering i Noreg. Det vil ikkje lenger vere tillat å kaste matavfall, plast- og hageavfall i restavfallet. Ein god del av hushaldningsavfallet i Noreg blir allereie kjeldesortert i dag, men frå 1. januar 2023 skal mat- og plastavfall frå alle hushald, og ein heil del bedrifter sorterast ut.

Alle detaljer om dei nye reglane, finn du her.

Lovendringane er eit verkemiddel for å nå dei felles måla om at vi innan 2035 skal materialgjenvinne 65 % av hushaldningsavfallet. Det same gjeld liknande avfall frå næringslivet. I praksis påverkar dei nye reglane dei aller fleste bedrifter.


Lagt inn: 08.12.2022