Er du ein av dei som har rydda i boden, kjellaren eller garasjen i sommar? Leverer du det inn på Midtstegen gjenbruksstasjon kan det komme andre til gode. For der plukkar vi ut brukbare ting som kan få eit nytt liv, og set det inn i brukthallen vår. Og der kan alle gå på skattejakt og ta med deg det dei vil ha – heilt gratis.

Gjenbruk er bra for miljøet og sirkulærøkonomien. Ikkje berre bidrar det til mindre avfall og dermed mindre belastning på miljøet. Det gjer også at vi slepp å kjøpe noko nytt, som reduserer belastning vareproduksjon har på miljøet. Finn du det du treng gratis i brukthallen, gjer det nok også godt for lommeboka etter ferien.

Vi oppmodar alle til å berre ta med seg det dei treng. Vi har ei avgrensing på kor lenge du kan opphalde deg i brukthallen kvar gong. Du har 15 minuttar på deg til å plukke dine favorittar, slik at alle har ei sjanse til å “handle” gratis hos oss.

I gjenbrukshallen på Midtstegen gjenbruksstasjon kan du gå på skattejakt alle dagar utanom fredag og søndag. Her kan du finne alt frå møblar, lampar og treningsapparat, til bøker og leiker.

Vi kan aldri føresjå kva du kan finne frå veke til veke, men vi kan love at alt er gratis. Kom innom og ta med deg noko brukt i staden for å kjøpe noko nytt.


Lagt inn: 13.08.2024