Gebyra for vatn, avløp, tømming av private slamavskiljarar og renovasjon får følgjande endringar med verknad frå den 01.01.24:
Vatn: 1,3 %
Avløp: 6,0 %
Tømming av private tankar/slamavskiljar: 5,9 % (eigne satsar for tømming med ferje)
Renovasjon: 8,5 %
Kontroll og tilsyn private avløpsanlegg: 0,0 %
Det har også blitt vedtatt å gjennomføre eit pilotprosjekt på ny gebyrmodell på renovasjon for eit avgrensa område på Rong. Dei det gjeld vil få meir informasjon direkte.
Prisane for levering av avfall på gjenbruksstasjonen har vore uendra sidan 2004 og blir no justert til 70 kr/m3. Levering av hageavfall er gratis.
Du kan sjekke kva du skal betale for vatn, avløp og renovasjon i 2024 i gebyrkalkulatoren vår.
For fleire detaljar og heile gebyrregulativet: Gebyrregulativ 2024