Etter utbruddet av korona har vi fått førespurnad frå abonnenter der dei enten føreset, eller krev at vatn-, avløp- og renovasjonsgebyra blir redusert eller utgår for den tida styresmaktene held ved lag dagens krav om mellom anna reisevirksomhet, folkesamlinger, forbudet mot opphold på fritidsbolig i annan kommune enn heimkommunen, etc.

Det er vanskeleg å seie kva effekt koronatiltaka vil få i forhold til kommunen sine utgifter til å levere vatn-, avløp- og renovasjontenester. Dei kan bli høgare eller lavare. VAR-tenestene blir levert til sjølvkost. Det betyr at brukarane betaler det som det koster å levere tenesta, som eit spleiselag. Ein må difor leggje til grunn at dei vedtatte gebyra gjeld, sjølv om ei utanforliggjande hending set kvardagen vår på hovudet. Skulle det vise seg at kostnadane med å oppretthalde tenesta vår blir redusert som følgje av styresmaktene sine tiltak, vil sjølvkostregelverket ivareta dette i form av lavere gebyr neste år. Dette vil kome alle til gode.

ØyVAR antar at det på kort sikt ikkje kan påreknast store reduksjoner i kostnadene med å levere VAR-tenestene til abonnentane. Tvert om må det no gjerast så mange endringar for å sikre tenesta at utgiftene våre faktisk kan bli større. Det vil difor ikkje være grunnlag for reduksjon av dei vedtatte gebyra for 2020.

Noreg og resten av verda er no i ein situasjon der det er eitt hovedfokus; det er å halde nede smittespreiing av koronaviruset. Dette er av nasjonale styresmakter definert som ein dugnad som alle aktører må bidra til, om vi skal nå målet. I ein slik dugnad vil dei fleste bli påført ulemper, utgifter og/eller reduserte inntekter. Det å ikkje kunne nytte fritidsbustader, drive utleige, hotell, næring i same grad som før, er ei slik ulempe som må påreknast i ein krisesituasjon som denne. Det er ikkje VAR-tenestene som er årsak til dette. ØyVAR må oppretthalde og drifte tenestene akkurat som før. Det er difor heller ikkje naturlig at kommunen som leverandør skal kompensere for desse ulempene ein no blir påført.

Det er vanskeleg å seie kor lenge styresmaktene sine tiltak vil vare. For å kutte kostanader med f.eks. VA-gebyr, rår ØyVAR til snarast å få installert vassmålar for dei som i dag får gebyra stipulert etter størrelsen på bygget. Her kan det vere mykje å spare. Særskilt for bygg som står tomme i denne perioden.


Lagt inn: 26.03.2020