16 prosent auke i vassmålar-installasjonar etter artikkel i Vestnytt. Mange i Øygarden har fått augene opp for å installere vassmålar.

474 nye vassmålarar på to månader

Rundt årsskiftet har meir enn 450 bustader fått dette på plass, ei auke på over 16 prosent. ØyVAR håpar fleire gjer same grep, slik at dei berre betaler for vatn dei faktisk brukar.

Folk i Øygarden har normalt ikkje hatt vassmålar. Dei har fått avgiftene stipulert til storleiken på husa sine. Då blir det jo fort slik at større hus får større avgift. Det gjeld både vatn og avløp, seier Hagenes.

Det resulterer i at mange betaler meir enn dei treng. Ein familie på fire-fem personar vil naturleg ha eit høgare vassforbruk enn bustader der ein er åleine eller to. Men når ungane veks til og flyttar ut, er det færre folk igjen i like store hus. Kostnaden blir framleis stipulert, medan vassforbruket har gått kraftig ned.

– Difor vil dei spare mykje pengar på å gå over til målt forbruk. Har ein offentleg avløp i tillegg, så vil jo og avløpsgebyret reknast ut frå vatn inn i huset, så her er det ein dobbel fordel, seier Hagenes med eit smil.

Rett før Vestnytt skreiv artikkelen «Slik kan du spara fleire tusen på vatn» låg talet på installerte vassmålarar i Øygarden på under 400 stk på eit år. Sidan artikkelen vart publisert i november, har meir enn 450 nye vassmålare komme på plass i Øygarden. Stig Hagenes, fagleiar for Vatn og avløp hos ØyVAR, er godt nøgd med utviklinga.

Betal for det vatnet du faktisk brukar

I dag er det pålagt med måling av vassforbruket på leilegheiter og nye bustader, medan i eldre bygg er det framleis frivillig å ha vassmålar. Mange er ikkje klar over at vatn og avløp er eit spleiselag i lik grad som forsikring. Dei som bruker lite, betaler for bruken til dei som brukar mykje. Har du ein vassmålar, slepp du denne problemstillinga. Men det er endå fleire fordelar å ta med i reknestykket:

– Når du kan følgje med på kor mykje du brukar, blir du mykje meir merksam. Det er lett for å la springen stå på medan ein pussar tennene, eller ikkje gjera noko med den lekkasjen i toalettet. Du har kanskje ein lekkasje i huset som du ikkje ville oppdaga før det har vorte store øydeleggingar. Det unngår du om du har ein vassmålar, seier Hagenes.

Han håpar også at folk blir meir merksame på forbruket av vatn, og at det vil få ned vassforbruket generelt sett. ØyVAR treng då ikkje å reinsa meir vatn enn det som er naudsynt, og brukar på den måten mindre kjemikaliar og ressursar til reinseprosessen.

Berekraftig måling

Heile kretsløpet får igjen for at forbruket av vatn går ned. Det blir mindre belastning på anlegga, mindre trykk og dermed mindre utlekk. Vi brukar mindre straum på å produsere og pumpe vatnet ut, og då kan det hende vi slepp å bruke pengar på nytt vassverk. Difor er det svært berekraftig å skaffa seg ein vassmålar.

Han held fram:

– Vi håpar at den aukande trenden med installasjon av vassmålarar vil halde fram. Det er både økonomisk for deg og berekraftig for miljøet, det er det me kallar ein vinn-vinn.

Dette treng du å vite om vassmålar:

  1. Kontakt ein røyrleggjar som tek seg av papirarbeidet og rapporterer inn til ØyVAR når jobben er gjort.
  2. Sjølve vassmålaren kostar rundt 3000 kroner.
  3. Installasjonskostnaden ligg på mellom 6-10 000 kroner, alt ettersom kor lett det er å komme seg til i bustaden din.
  4. Det du betalar er i dei fleste tilfelle spart inn igjen i løpet av eit par år.

Lagt inn: 30.01.2023