Eit utval innbyggjarar på Rongøyna er med i eit prøveprosjekt, der det vert billigare å få tømt avfallet dess meir dei kjeldesorterer. I staden for å betale for storleiken på spanna og kor ofte det blir tømt, skal dei betale per kilo restavfall dei leverer. Når restavfallet minkar, vert også rekninga for bosstømminga mindre. Klarar hushaldet å kjeldesortere alt avfallet sitt, slik at ingenting går i restavfall, treng dei ikkje betale meir enn eit grunngebyr for å få tømt avfallet sitt.
Bakgrunnen for prosjektet er at vi ikkje ser ut til å nå det ambisiøse målet om å halvere restavfallet innan 2030. Vi må verte flinkare til å kjeldesortere. Men når det ikkje hjelper berre med ei oppfordring om å kjeldesortere for miljøet si skuld, prøver vi no med økonomisk påskjøning. Det vil no løne seg å kjeldesortere og slanke restavfallet. Ikkje berre for miljøet, men også for lommeboka.
- Dette er eit viktig prosjekt der Rong får bli med på ei stor, felles satsing for miljøet. Vi kastar i snitt eit halvt tonn kvar i året. Å få redusert avfallsmengda er svært viktig for å nå berekraftsmåla, seier Espen Elstad, fagsjef renovasjon i ØyVAR.
Prøveprosjektet har allereie starta og innbyggjarane det gjeld har fått informasjonen dei treng for å delta. Målet er å innføre denne løysinga i heile Øygarden, dersom prøveprosjektet blir vellykka.
Det viktigaste vi kan gjere med avfallet vårt er å lage mindre av det. Jo mindre avfall vi lagar, jo meir sparar vi miljøet. Her er våre tips til korleis du kan redusere avfallet: