Det er vår og det nærmar seg den årlege vårryddinga blant skular, barnehagar, grendalag og andre lag i Øygarden.

Desse ryddeaksjonane i april og mai gir kvar og ein av oss høve til å gjere ein innsats for eige nærmiljø.

ØyVAR ønskjer sjølvsagt at så mange som mogleg er med, og vi vil leggje til rette for alle som ønskjer å organisere eit ryddelag.

Kanskje er det gatene som treng å ryddast, kanskje ein populær turveg bør prioriterast, eigne nærområde, eller kan hende er det på den lokale badeplassen ein bør ta eit tak.

Vi vil også i år hjelpe til med å skaffe bossekkar og eingongshanskar til vårens ryddeaksjonar.

Dersom de treng sekkar og hanskar kan det hentast på ein av våre gjenbruksstasjonar på Straume eller i Midtstegen.

Gratis levering på gjenbruksstasjonen.

Vi ønskjer at alle som har moglegheit til det, skal levere sekkane til ein av gjenbruksstasjonane våre. Dersom de ikkje har moglegheit til å levere på gjenbruksstasjonen, må vi vite dato for rydding  og kvar bosset blir plassert for henting. Då tar du kontakt med ØyVAR på 56315930 eller postboks@oyvar.no.


Lagt inn: 19.04.2023