Blant dei første stega mot ein større eigenproduksjon av straum, er solcellepanel. Dei er utplassert på fleire pumpestasjonar og anlegg i Øygarden.

Solcellepanel på taket til ØyVAR
På taket av administrasjonsbygget ved Storanipa reinseanlegg er det heile 102 solcellepanel. 

– I dag har vi solceller på hovudreinseanlegget vårt og på fleire pumpestasjonar, fortel ØyVAR sin avløpsekspert Kristine Olsen Strandheim.

Til saman har ØyVAR 164 solcellepanel som har produsert nesten 35 000 kWh med straum i 2022.

– Det er like mykje straum som to gjennomsnittlege rekkjehus bruker i løpet av 1 år.

Energien frå solcellene blir i hovudsak brukt for å dekke basisforbruket på stasjonane. Den eigenproduserte straumen fører til billigare straumrekningar for ØyVAR, som også blir spegla i lågare kommunale avgifter for innbyggjarar og bedrifter i Øygarden kommune.

ØyVAR har ambisjonar om å investere i fleire solcelleanlegg.

– Planen er å ha solcellepanel på dei største av våre rundt 100 pumpestasjonar i Øygarden. I tillegg har ØyVAR fått straumstøtte til å montere solceller på taket til det nye reinseanlegget på Ågotnes.

Fleire steg på veg mot mindre klimagassutslepp

Solcellepanelene er eit av stega ØyVAR har teke for å kutte klimagassutslepp. Nokre andre tiltak ØyVAR har teke for å bli ei meir miljøvennleg bedrift, er å plassere varmevekslarar og varmepumper på reinseanlegga.

Desse skal hente ut varme frå det reinsa avløpsvatnet før det blir sleppt ut i fjorden.

– Slik kan varmen brukast til oppvarming og varmvatn i reinseanlegga, og ikkje gå til spille, seier Kristine. ØyVAR er sertifisert av Miljøfyrtårn, som ei bedrift som dokumenterer sin miljøinnsats og viser samfunnsansvar.

– I ØyVAR fører vi klimarekneskap, slik at vi kan få oversikt og følgja opp kvar vi har mest utslepp. Dette hjelper oss å ta avgjerder om kvar og korleis vi kan kutte i utsleppa våre.

Kristine Olsen Strandheim i ØyVAR

Lagt inn: 27.04.2023