Vassmålaroppgjeret for 2022 er klart!

I dag vil våre kundar med vassmålar motta eit vassmålaroppgjer for forbruket i fjor. Avløpsmengde reknast lik vassmengde.

Dersom du er ein av dei som har vassmålar, blir du fakturert akonto gjennom året for ditt forbruk. Akonto-beløpet er fastsett ut frå tidlegare forbruk, avlesing eller estimert. På slutten av året har vi motteke målarstand på vassmålaren frå deg, og vi samanliknar det reelle forbruket mot akontoforbruket du har betalt for.

Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir. Dersom du har betalt for mykje, får du tilbakebetalt. Pengane blir betalt tilbake innan 31. januar på den kontoen du nytta til å betale siste rekning frå ØyVAR. Vassmålaroppgjeret vil då vere ein kreditnota og beløpet vil framkomme med minusforteikn. Vi gjer merksam på at ØyVAR har høve til å motrekne kreditnota dersom det er uoppgjorte faktura frå 2022 eller tidlegare.

OBS! For dei som har fått kreditnota på vassmålaroppgjeret: Faktura for 1. termin 2023 har også forfall 31. januar. Vi ber om at de ikkje trekk kreditnota frå vassmålaroppgjeret, då kreditnota blir utbetalt automatisk.

Har du spørsmål kan du sende e-post til postboks@oyvar.no eller ringe oss på telefon 56315930 så hjelper vi deg gjerne.


Lagt inn: 09.01.2023