I ØyVAR har vi faste beredskapsøvingar for å vere førebudd om vassforsyninga skulle forsvinne i ein krisesituasjon. Vi testar at pumpe og aggregat verkar og vi tek jamlege vassprøver av vatnet i nødvasstanken slik at den alltid er klar til bruk. 

ØyVAR sin nødvasstank

I slutten av januar hadde vi ei ny beredskapsøving. Denne gongen testa mellom andre driftsoperatørane Geir og Hidray påkoplinga til nettet, og øvinga var ein suksess. I løpet av få timar kunne vi forsyne eit bustadområde på Toftøy med vatn frå denne nødvasstanken.

Hidray og Geir var med på beredskapsøvinga

Sjølv om ØyVAR kan få i gong vassforsyninga i løpet av nokre få timar i ein nødsituasjon, oppfordrar vi likevel innbyggjarane i Øygarden til å følgje myndigheitene sine beredskapsråd om mellom anna å ha ni liter drikkevatn per person i beredskap heime. 

Her kan du lese meir om kva du bør ha i beredskap heime.


Lagt inn: 07.02.2024