Sidemeny:

ØyVAR AS er den fremste næringsmiddel- og miljøbedrifta i Øygarden kommune. 57 tilsette sørgjer for å levere drikkevatn av svært god kvalitet, og dei tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette. Dei sørgjer dessutan for tømming av private slamavskiljarar og samlar inn og legg til rette for gjenbruk av avfall.

ØyVAR byggjer ut nye anlegg for vassforsyning og avløpshandtering. Heile aktiviteten blir finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.

  • ØyVAR skal stå for forvalting, planlegging, utbygging og drift av vass- og avløpsanlegga i Øygarden kommune, samt anna verksemd knytt til desse områda. Selskapet skal vere ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall.
  • Selskapet skal drivast etter forretningsmessige prinsipp, men vere seg bevisst det samfunnsansvaret som verksemda har.
  • Selskapet skal vere ein utøvande reiskap og eit stabilt element for levering av vass-, avløps- og reovasjontenester i Øygarden kommune.
  • Selskapet skal vere kjenneteikna av høg kompetanse, service og samhandling med omgivnadene, særleg med Øygarden kommune.
  • Relasjon til eigar
  • Kundar og samfunnskontakt
  • Vatn, avløp og renovasjon
  • Miljø og energi
  • Organisasjon og kompetanse
  • Best på organisering av VAR-tenester i Noreg
  • Best på kunde-oppleving
  • Nok drikkevatn av høg kvalitet
  • Inga forureining som skader natur og miljø
  • Berekraftig og kostnadseffektiv avfallshandtering
  • Øygarden kommunes fremste miljø bedrift
  • Mest attraktive VAR-arbeidsplass

ØyVAR AS har som mål å framstå som ein organisasjon med fokus på miljø og effektiv bruk av ressursar.
Dette skal vi gjere gjennom:

  • Å redusere klimagassutsleppa slik at dei som eit minimum oppfyller forventningane og krava frå eigar og styresmakter.
  • Å identifisere og redusere mogelege kjelder til forureining.
  • Å forsøke å oppnå ein effektiv bruk av energi og eit minimum forbruk av forbruksmateriell.
  • At alle anbod skal innehalde miljøkrav til leverandørane, og dei skal inngå som kriterium ved val av løysing dersom det er relevant.
  • Å gjere medvitne val av drivstoff og køyretøy, samt redusere unødvendig køyring (internt og eksternt).

Vi skal kontinuerleg vedlikehalde og forbetre vårt miljøarbeid i ØyVAR AS.

ØyVAR AS er sertifisert Miljøfyrtårn.

Her finn du ØyVAR sin miljøfyrtårnrapport for 2020.