Sidemeny:

Desse etiske retningslinjer gjeld for alle tilsette, også mellombels tilsette/ vikarar, lærlingar, innleigd personale og konsulentar og styremedlemmer. Retningslinjene inngår som ein forpliktande del av alle arbeids- og oppdragsavtalar.

1 Innleiing

ØyVAR AS sine leverandørar og forretnings- og samarbeidspartnarar er sentrale for vår evne til å drive verksemda. Vi ønskjer at forretningsforhold skal vere baserte på tillit og openheit, og at leverandørane våre skal ha same haldning som oss til etikk og etterleving.

ØyVAR AS jobbar for å fremje gode arbeids- og miljøforhold i leverandørkjedene. Dette ønskjer vi å gjere i nært samarbeid med leverandørane og samarbeidspartnarane våre. For å tydeleggjere kva vi forventar av leverandørane våre har ØyVAR AS utarbeidd retningslinjer for etisk handel. Dei interne retningslinjene våre er utarbeidde for å sikre anstendige arbeidsforhold og gjere aktsemdvurderingar i samsvar med openheitslova. ØyVAR AS forventar at leverandørane tek inn tilsvarande føresegner i kontraktar med sine underleverandørar og vidare nedover i leverandørkjeda.

2 Lover og reglar

ØyVAR AS respekterer alle internasjonalt anerkjende menneskerettar [1].

ØyVAR AS forpliktar seg til å gjennomføre aktsemdvurderingar i samsvar med OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap. Det inneber at ein kartlegg, førebyggjer, avgrensar og gjer greie for korleis selskapet handterer eksisterande og potensielle negative konsekvensar av verksemda.

Våre forretningspartnarar (kontraktspartnarar, leverandørar og underleverandørar) speler ei viktig rolle ved å hjelpe oss med å realisere desse forpliktingane og måla.

Forretningspartnarane bør leggje ekstra vekt på dei som er mest sårbare for negativ påverknad på menneskerettane og krava til eit anstendig arbeidsliv, mellom anna utanlandske gjestearbeidarar, kvinner, arbeidarar med nedsett funksjonsevne og arbeidarar med minoritetsbakgrunn.

Dette dokumentet beskriv standardar som ØyVAR AS sine forretningspartnarar blir oppmoda til å følgje.

3 Arbeidstakarrettar og arbeidslivsstandardar

3.1 Organisasjonsfridom og rett til kollektive forhandlingar [2]

Forretningspartnarane skal utan diskriminering vareta arbeidarane sin rett til forsamlingsfridom og organisasjonsfridom, til å delta i kollektive forhandlingar og til å danne fagforeiningar.

Forretningspartnarane skal gi dei tilsette sine representantar moglegheit til å utføre arbeidet sitt som representantar på arbeidsplassen.

I tilfelle der retten til å organisere seg og retten til kollektive forhandlingar er avgrensa av nasjonalt regelverk, skal arbeidsgivaren leggje til rette for og ikkje hindre alternative mekanismar for fri og uavhengig organisering og forhandling.

3.2 Tvangsarbeid [3]

Forretningspartnarane skal ikkje bruke tvangsarbeid eller anna ufrivillig arbeid. Vi forventar at forretningspartnarane våre set i verk effektive tiltak for å sikre at ingen arbeidarar utfører arbeid til fordel for ØyVAR AS som arbeidstakaren ikkje har godkjent frivillig basert på gjensidig avtalte, reelle og opne vilkår, eller som er utført under noka form for psykisk, fysisk eller økonomisk tvang, trussel om eventuell straff eller sanksjonar, eller som på annan måte utnyttar sårbarheita til arbeidaren.

I tillegg skal forretningspartnarane sikre at alle tilsette står fritt til å forlate arbeidet etter ei passande og rimeleg oppseiingstid.

Ingen arbeidar skal betale noka form for rekrutterings- eller tilsetjingsgebyr utan tilstrekkeleg kompensasjon. Ingen forretningspartnar skal oppbevare identitetspapir eller arbeidsløyve som eit tilsetjingskrav.

3.3 Rettferdig løn og rimeleg arbeidstid [4]

Forretningspartnarane skal etterleve arbeidsmiljøregelverket i produksjonslandet.

Forretningspartnarane skal gi alle arbeidarar kompensasjon, forsikringar og sosiale ordningar som svarer til lovpålagde minimumsstandardar, landsomfattande tariffavtalar og internasjonalt anerkjende menneskerettsstandardar om lik løn til mannlege og kvinnelege arbeidarar av lik verdi. Som eit minimum omfattar slik kompensasjon løn og betalt permisjon som gir moglegheit til ein adekvat levestandard.

Vi forventar at forretningspartnarane våre ikkje pålegg så mange arbeids- og overtidstimar at det i urimeleg grad påverkar retten til privat- og familieliv. Arbeidstida skal ikkje setje helsa og sikkerheita til den enkelte arbeidaren i fare. Nasjonale arbeidstidsføresegner må overhaldast. Arbeidarar skal ha moglegheit til å avvise for mykje overtid utan fare for diskriminering eller represaliar.

Forretningspartnarar skal etterleve nasjonale krav til regulære tilsetjingsforhold, inkludert arbeidskontraktar.

3.4 Likestilling, mangfald og inkludering [5]

Vi forventar at forretningspartnarane våre har planar og strategiar for arbeid med mangfald, likestilling og inkludering.

Som eit minimum skal forretningspartnarane ikkje tolerere noka form for diskriminering på grunnlag av mellom anna kjønn, rase, hudfarge, religion, etnisk, nasjonalt eller sosialt opphav, sivilstatus, seksuell legning, politisk eller anna overtyding, fagforeiningsmedlemskap, nasjonalitet, nedsett arbeidsevne eller alder.

Ingen tilsette eller arbeidarar skal utsetjast for fysisk, seksuell eller psykisk trakassering, audmjuking eller overgrep.

3.5 Barnearbeid [6]

Forretningspartnarar skal ikkje nytte barnearbeid eller noka form for arbeid som tek frå barnet barndom, potensial eller verdigheit, som kan vere farleg eller til hinder for barnet si utdanning, eller som kan vere skadeleg for barnet si helse eller fysiske, psykiske, åndelege, moralske eller sosiale utvikling. Forretningspartnarar skal ikkje bruke barn som arbeidskraft dersom barnet er under 15 år. Dersom nasjonalt regelverk set ei høgare aldersgrense, er det denne grensa som gjeld. Ein kan gjere unntak for lett arbeid eller opplæring dersom dette er tillate ifølgje ILO sin kjernekonvensjon om minstealder nr. 138. Ikkje i noko tilfelle kan forretningspartnarane tillate at barn under 18 år utfører farleg arbeid, inkludert arbeid som kan setje helsa, sikkerheita eller utviklinga deira i fare.

4 Helse, miljø og sikkerheit

Helse, miljø og sikkerheit er svært viktig for ØyVAR AS. Leverandørar skal sørgje for eit sikkert arbeidsmiljø i samsvar med gjeldande lovgiving og oppmuntre til god praksis innan helse og sikkerheit. ØyVAR forventar at leverandørar etablerer forsvarlege tiltak for å hindre ulykker og yrkesmessige sjukdommar, mellom anna at dei teiknar alle lovpålagde forsikringar. Arbeidsrelaterte ulykker skal rapporterast til relevante myndigheiter og undersøkjast, og førebyggjande tiltak skal innførast. ØyVAR forventar at leverandørar har ein skriftleg policy, ei personalhandbok, ei erklæring eller liknande som dekkjer helse og sikkerheit, og at denne blir kommunisert og gjort tilgjengeleg for alle tilsette og tilgjengelege interessentar.

5 Klima og miljø

Vi forventar at forretningspartnarane våre skal arbeide systematisk for å minimere negative effektar på klima og miljø, mellom anna redusere klimagassutslepp. Vi forventar at forretningspartnarar set i verk tiltak for å redusere den negative påverknaden på verdifulle artar og naturmangfald i våre prosjekt.

Forretningspartnarar skal overhalde nasjonalt regelverk for klima og miljø, mellom anna krav til vern av biologisk mangfald, områdevern og forureining. Relevante utsleppsløyve skal vere innhenta der det er nødvendig.

6 Rettferdig konkurranse

Forretningspartnarar og deira tilsette skal ikkje delta i ulovleg prissamarbeid, marknadsdeling eller annan praksis i strid med nasjonale konkurransereglar.

7 Anti-korrupsjon

Forretningspartnarar og deira tilsette skal overhalde nasjonalt regelverk knytt til bestikkingar, korrupsjon, bedrageri og anna ulovleg forretningsverksemd.

Forretningspartnarane skal ikkje tolerere, og skal motarbeide, alle former for korrupsjon i både offentleg og privat sektor. Forretningspartnarane skal ikkje tilby, be om, gi, godta eller ta imot bestikkingar eller andre utilbørlege fordelar for forretningsmessig eller personleg vinning, verken direkte eller indirekte, for seg sjølv eller andre.

Forretningspartnarane og deira tilsette skal ikkje, direkte eller indirekte, tilby gåver til ØyVAR AS sine tilsette eller representantar eller deira nærståande. Tilsvarande gjeld gåver eller andre gode til offentleg tilsette som arbeider i organ som forretningspartnaren må be om offentleg løyve eller annan type offentleg avgjerd frå.

8 Skatt, avgift og rekneskapsførsel

Alle rekneskapsopplysningar skal vere korrekte, registrerte og bokførte i tråd med nasjonalt regelverk. Forretningspartnarane skal oppfylle sine forpliktingar til å betale skattar og avgifter i den staten dei er etablerte i, og/eller i Noreg.

9 Kvitvasking av pengar

Forretningspartnarane skal ikkje ta del i kvitvasking av pengar og skal sørgje for at finansielle transaksjonar ikkje blir brukte til kvitvasking.

10 Rus

ØyVAR AS har nulltoleranse for bruk av rusmiddel på arbeid. Påverknad av rusmiddel (alkohol eller illegale rusmiddel) i arbeidssituasjonar blir ikkje tolerert.


[1] Mellom anna FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (1966), FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (1966), ILO sine kjernekonvensjonar om grunnleggjande rettar og prinsipp i arbeidslivet og verdserklæringa om menneskerettar (1948) og menneskerettslova

[2] Konvensjon om foreningsfrihet og beskyttelse av organisasjonsretten – ILO nr. 87 og konvensjon om gjennomføring av prinsippene for organisasjonsretten og retten til å føre kollektive forhandlinger – ILO nr. 98

[3] ILO sin kjernekonvensjon nr. 29 og 105

[4] ILO sin kjernekonvensjon nr. 100

[5] ILO sin kjernekonvensjon nr. 111

[6] FN sin barnekonvensjon, artikkel 32, 138 og 182