Ledige stillingar

Vi søkjer ein driftig og initiativrik byggje- og prosjektleiar

Søknadsfrist: 11.08.2024

Øyvar har ei rekkje nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast, og vi ønskjer å styrke utbyggingsavdelinga med ein driftig medarbeidar. Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe i eit triveleg og hektisk miljø. Den vi søkjer, liker å ta initiativ og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Er du ansvarleg, imøtekommande og modig? Då er denne stillinga kanskje noko for deg. Stillinga er 100 % fast.