Sidemeny:

§1 Selskapet sitt namn og selskapsform

1-1 Selskapet sitt namn er ØyVAR AS.

§2 Forretningskontor

2-1 Selskapet har sitt forretningskontor i Øygarden Kommune.

§3 Føremål

3-1 Selskapet skal stå for forvaltning, planlegging, utbygging og drift av vatn- og avløpsanlegga i Øygarden kommune og for anna verksemd knytt til desse områda. Selskapet skal vidare vere ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall.

3-2 Selskapet skal drivast etter forretningsmessige prinsipp, men være bevisst det samfunnsansvar som er lagt til verksemda. Selskapet skal vere ein utøvande reiskap og eit stabilt element for gjennomføring av Øygarden kommune sin politikk for vatn, avløp og renovasjonstenester

3-3 Selskapet skal vere kjenneteikna av høg kompetanse, service og samhandling med omgivnadene, særleg med Øygarden kommune.

3-4 Selskapet skal hovudsakleg drive verksemd retta mot behova i Øygarden kommune, men kan også drive marknadsretta verksemd der det høyrer naturleg saman med oppgåvene i punkt 3-1, og dersom det ikkje er i strid med gjeldande regelverk for anskaffingar.

§4 Aksjekapital

4-1 Selskapet sin aksjekapital er på NOK 10.000.000,-.

Kvar aksje skal lyda på NOK 1.000,- , og aksjekapitalen er fordelt på 10.000 aksjar.

§5 Fond

5-1 Selskapet sine frie fond skal nyttast til forvaltning, utbygging og drift av vass-, avløps- og renovasjonstenstene i Øygarden kommune, og til anna verksemd knytt til desse områda.

Fondet kan ikkje nyttast til å fremje av aksjonærane sine eigne økonomiske interesser.

§6 Utbytte

6-1 Det skal ikkje betalast utbytte til eigarane.

§7 Sal av aksjar

7-1 Sal av aksjar må godkjennast av generalforsamlinga i selskapet for å vere gyldig.

§8 Selskapet si leiing

8-1 Selskapet vert leia av dagleg leiar og styret. Generalforsamlinga er selskapet sitt øvste organ.

8-2 Selskapet blir teikna av leiar av styret og dagleg leiar, eller av to andre styremedlemmer og dagleg leiar. Styret kan gje prokura.

8-3 Forvaltninga av selskapet sine saker høyrer inn under styret som saman med dagleg leiar skal sørgje for ei god organisering av selskapet sitt arbeid. Styret skal leggja fram til godkjenning på generalforsamling alle forslaga som inneber endringar i viktige strategiske mål, og andre viktige avgjerder som det er naturleg at eigar tek stilling til.

8-4 Dagleg leiar representerer selskapet overfor omgivnadene i saker som fell under hans mynde eller hennas mynde etter §8.

§9 Den daglege leiinga av selskapet (dagleg leiar)

9-1 Styret tilset dagleg leiar og fastset vedkommande si løn og andre vilkår.

9-2 Dagleg leiar står for den daglege leiinga av selskapet og skal følgje dei retningsliner og pålegg som styret gjev.

9-3 Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller av stor betyding for selskapet.

§10 Styret si samansetjing

10-1 Selskapet skal ha eit styre på 7 medlemmer med personlege varamedlemmer. 6 medlemmer vert valde av generalforsamlinga. 1 medlem vert vald av og blant dei tilsette. Generalforsamlinga vel leiar og nestleiar.

10-2 Funksjonstida for styret er 2 år. Styremedlemmer fungerer inntil nytt medlem er vald.

§11 Styret sin forretningsorden

11-1 Styreleiar kallar inn til styremøte så ofte han eller ho finn det naudsynt, eller når dagleg leiar eller to av medlemmene i styret krev det. Innkallinga skal så det er mogeleg skje skriftleg og med 7 dagars varsel. Så langt råd er skal det og gå fram kva for saker som skal handsamast. Dagleg leiar skal så langt råd er, gi si innstilling i alle saker. Styreleiar leiar møtet. Om han / ho har forfall, skal nestleiar leie møtet.

11-2 Styret kan gjere vedtak når meir enn halvparten av medlemmene er til stades. Styret tek avgjerder med vanleg fleirtal. Dersom to forslag får like mange stemmer, er fungerande styreleier si stemme avgjerande.

11-3 Det skal førast protokoll frå alle styremøte. Protokollen skal underteiknast av alle styremedlemmene som er til stades på møtet.

§12 Generalforsamling

12-1 Ordinær generalforsamling skal haldast innan 6 månader etter utløpet av kvart rekneskapsår. Rekneskapsåret går frå 1. januar til 31. desember.