Restavfall vert henta kvar 14 dag, Matavfall kvar 14 dag. Papir/plast vert henta ein gang pr månad.
Straume gjenbruksstasjon - Lonavegen 20
Midtstegen gjenbruksstasjon - Midtstegen 50
Miljøstasjon Tjeldstø - Jensvardvegen 2
Nytt abonnement
Nytt abonnement må bestillast ved innflytting i nytt hus. Alle hushaldningar er pliktige til å vera med i kommunal innsamlingsordning og sortera avfall for mat/rest/papir og plast. Heimekompostering er eit alternativ til brun dunk.
Renovasjonsgebyret vil gjelde frå 1. i månaden etter at mellombels bruksløyve er gjeve.
Endring av abonnement/ byting av dunkar
Flyttar du inn i eit hus som har vore budd i før, vil tidlegare eigars renovasjonsabonnement automatisk verta overført til deg som ny huseigar.
Dersom du finn ut at antall dunkar eller storleik på dunkane ikkje passer ditt behov, ver venleg å ta kontakt med ØyVAR, så ordnar me med byting.
Det er viktig å gjera seg kjent med kva for nokre ordningar som gjeld for ulike tenester i den kommunen du no er flytta til.
Vi anbefaler også våre innbyggjarar å laste ned vår kalendar APP for tømming av avfallet.