Sidemeny:

Ikkje tillat å kaste mat-, plast- og hageavfall i restavfallet

Frå 1. januar blir det innført nye reglar for kjeldesortering i Noreg. Det vil ikkje lenger vere tillat å kaste matavfall, plast- og hageavfall i restavfallet. Ein god del av hushaldningsavfallet i Noreg blir allereie kjeldesortert i dag, men frå 1. januar 2023 skal mat- og plastavfall frå alle bedriftene med hushaldsliknande avfall sorterast ut.

Avfallet skal materialgjenvinnast eller gjerast klart for ombruk.

Reglane påverkar dei fleste bedriftene

Lovendringane er eit verkemiddel for å nå dei felles måla om at vi innan 2035 skal materialgjenvinne 65 % av hushaldningsavfallet. Det same gjeld liknande avfall frå næringslivet. I praksis påverkar dei nye reglane dei aller fleste bedrifter. Det betyr at om din bedrift har avfall som hageavfall, matavfall og plastavfall, så skal det kjeldesorterast frå januar 2023.

ØyVAR samlar allereie inn både matavfall, emballasjeplast, papp/papir og restavfall. Våre renovasjonsbilar køyrer faste ruter i heile Øygarden kommune.

Treng din bedrift hjelp til dette?

Treng din bedrift meir kjeldesortering for å imøtekomme dei nye krava frå 1. januar 2023 eller treng du meir informasjon? Ta kontakt med oss så hjelper vi deg gjerne. Vi har avfallsbehaldarar til sals for ulike avfallstypar.