Sidemeny:

Refusjon ved kjøp og bruk av tøybleier

ØyVAR ønsker å bli enda betre på gjenvinning og på å redusere mengda av avfall som vert innsamla.

Vi ønsker difor å sponse alle småbarnsforeldre busett i Øygarden kommune som vel å bruke tøybleier til barnet sitt i staden for papirbleier. For å få refundert kr 1.000,- ved kjøp av tøybleier må ein dokumentere kjøp over kr. 1.000,- Send inn kvittering på kjøp av tøybleier til ØyVAR.

Vi gjer tilskudd til;

Brettebleier, formsydde bleier, brillebukser, innlegg/klutar til bleier, alt i ett/to tøybleier.

Av omsyn til barnet ditt

Tøybleia er mjuk og god og er av 100 % bomull. Ved å bruke ei lanolin-ullbukse utanpå får huda luft heile tida, og ein unngår sår stump og utslett.

Av omsyn til naturen

For kvart papirbleiebarn går det med trevirke tilsvarande to store trær, i tillegg til ei mengd syntetisk materiell. Berget av eingongsbleier veks, og desse bleiene inneheld tungt nedbrytbare stoff som det ikkje er bra å ha på avfallsfyllinga. Eingongsbleier til 180.000 bleiebarn i Noreg gir årleg omlag 60.000 tonn ikkje-resirkulerbart avfall.

Krav

  • Private søkarar
  • Søkar må vere busett i Øygarden kommune
  • Det blir gitt tilskot pr barn (eingangstilskot)

Ein sparer endå meir når tøybleiene vert nytta om att til fleire barn.