Returpunkt

Farga og klårt glas kan du leggje i same behaldar. Hermetikkemballasje kan du leggje i lag med glaset. Steintøy, porselen og keramikk er restavfall, og skal ikkje kastast på returpunkta.

Hytterenovasjon

Behaldarane er så langt det lèt seg gjere, plassert i nærleiken av dei stadene det er hytter. Avfallet frå hytter på øyer utan vegsamband kan leverast på kaiar der det er sett ut behaldarar for hytterenovasjon. Behaldarar for hytterenovasjon skal ikkje nyttast av fastbuande.

Det er ikkje krav til kjeldesortering for fritidsbustader, men papir, glas og metallemballasje bør leverast på miljøstasjonane.

Alle hytteabonnentane kan levere avfall til gjenvinning på gjenbruksstasjonen.

Hytteavfallet blir henta kvar 14 dag om vinteren og ein gong kvar veke om sommaren.

Last ned APP