Sidemeny:

Vassverket varslar når kvaliteten på drikkevatnet er usikker

Du vil bli varsla dersom vassverket eller styresmaktene meiner at vasskvaliteten er usikker. Det skjer dersom vassverket fryktar at vatnet kan innehalde helsefarlege mikroorganismar, og at vatnet difor kan føre til sjukdom.

Last ned: Retningslinjer-ved-kokevarsel.pdf

Koking dreper mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet må fosskoke. Ein vasskoker vil normalt bringe vatnet til fosskoking før den slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgeovn må ein forsikre seg om at vatnet fosskokar. Etter at vatnet har fosskokt må det få tid til å bli avkjølt naturleg, utan tilsetting av isbitar eller liknande (til dømes nedkjøling i kjøleskap). Dersom vatnet inneheld partiklar eller er grumsete og at ein av estetiske grunnar ønsker å filtrere vatnet, må dette gjerast før koking, for å hindre at vatnet blir forureina på nytt. Eit alternativ til kokt vatn kan være flaskevatn.

Alt vatn frå springen som skal drikkast må vere kokt

Bruk dessuten kokt vatn til:

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C
  • Utblanding av saft, og andre produkt som skal drikkast eller etast
  • Kaffe. Kaffetraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffetraktaren må difor vere kokt på førehand. Andre typar kaffemaskinar bør sjekkast med forhandlar
  • Isbitar
  • Skylling av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast
  • Tannpuss

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Koking av mat
  • Handvask. Hendene skal vaskast med såpe, skyllast og tørkast etterpå
  • Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelge vatn. Ha særleg kontroll med små barn
  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin. Ved oppvask for hand må oppvasken skyllast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg
  • Klesvask
  • Reinhald i huset

Anna bruk heime:

  • Barn bør ikkje leike med vatnet i hagevatningsanlegg, eller bade i barnebasseng i periodar med kokevarsel