Sidemeny:

Prøvetaking og farekartlegging

Alle vassverk som leverer vatn til meir enn 50 personar, næringsmiddelverksemder, helseinstitusjonar, skular og barnehagar skal godkjennast av Mattilsynet i samsvar med Drikkevassforskrifta. Våre seks vassverk; Alvheim, Blomvåg, Kørelen, Fjæreide, Stranda/Glesnes og Bildøyvatnet er godkjent av Mattilsynet. I Drikkevassforskrifta er det gjeve kvalitetskrav til drikkevatnet og minstekrav til prøvetaking og analysemetodar.

Kvar veke blir det tatt vassprøer frå utvalde vassverk. Prøvene blir analysert på eksternt laboratorium, som gjev melding straks dersom det leverte vatnet avvik frå krava i Drikkevassforskriften. Prøvesvara finn du under vassanalyser.

Kvaliteten på vatnet frå drikkevasskjeldene blir overvaka både med jamlege laboratorieprøvar og med online-målarar som kontinuerleg gjer målingar av vasskvaliteten. Drikkevassforskrifta har lista opp ei rekke med parameter (tungmetall, organiske og uorganiske sambindingar) som skal analyserast på akkreditert laboratorium med varierande frekvens. Ein del av desse parametrane er viktig for å sjå om nærliggande industri eller andre menneskelege utslepp påverkar drikkevasskvaliteten. I Øygarden har vi nokre drikkevasskjelder som ligg i område der slik menneskeleg påverknad ikkje er aktuell. Farekartlegging saman med historiske analysedata ligg til grunn for å vurdere kva parameter som er aktuelle for våre drikkevasskjelder. Vi treng difor ikkje gjere følgjande analyser frå Bildøyvatnet, Fjæreidevatnet og Steinsvatnet:

1,2-dikloretan, antimon, arsen, benzo(a)pyren, bly,bor, cyanid, kadmium, kopar, krom, kvikksølv, nikkel, PAH, selen, tetrakloreten, trikloreten, akrylamid, aluminium, benzen, bromat, epiklorhydrin, fluorid, klorid, natrium, nitrat, nitritt, plantevernmidlar, sulfat, vinylklorid.

 

Nedbørsfelta og vasskvalitet

Vatnet som blir levert ut på leidningsnettet etter behandling, tilfredsstiller alle drikkevassforskrifta sine krav til godt hygienisk vatn. Vi får ofte spørsmål frå abonnentar om hardleiken på vatnet. Alle våre vassverk har blautt vatn, dvs. ein hardleik under 5 dH° i tyske hardleiksgrader.

For å sikre mot forureining i vasskjeldene er det innført restriksjonar på bruk av areal innanfor nedbørsfelta. Dette er nedfelt i klausuler og opplyst ved skilting. Det er svært viktig at ein viser særs omsyn ved ferdsel i nedbørsfelta.