Sidemeny:

Installering

Alle nybygg, både bustader, fritidsbustader og industribygg, skal installere vassmålar og betale vassgebyr etter målt forbruk. Andre abonnentar kan montere vassmålar om ein vil.

Ved å installere vassmålar betalar ein for faktisk bruk av vatn i staden for arealberekning. Bur du til dømes aleine i ein stor bustad, eller brukar svært lite vatn, kan det lønne seg å installere ein vassmålar på vassinntaket ditt. Den faste delen av gebyret (abonnementsgebyret) vil fortsett vere same, men forbruket vil vere basert på mengde vatn du brukar, og ikkje storleiken på bustaden.

Slik går du fram for å få vassmålar

Ta kontakt med ein godkjent røyrleggjar. Kostnaden med installasjonen må abonnenten dekke sjølv. Røyrleggjar må fylle ut skjema for registrering av vassmålar og sende til ØyVAR snarast etter montering av ny, eller ved byte av vassmålar. Det same gjeld ved demontering av vassmålar.

Tekniske krav

Vassmålarar som skal nyttast til økonomisk oppgjer, skal vere i samsvar med gjeldande regelverk. Krava som det blir vist til her kjem frå Forskrift om krav til vannmålere og gjeld for alle kommunane i Norge. Vassmålaren skal ha ei EU-samsvarserklæring som er bevis på at målaren er i samsvar med krava i det europeiske måleinstrumentdirektivet. Maksimalt tillate målefeil under bruk er ±4 %.

Vassmålarar som er godkjente etter det gjeldande måleinstrumentdirektivet skal som eit minimum ha følgande merking:

  • CE-merke
  • Permanent gjennomstrømningsrate, Q3
  • Forholdet mellom Q3 og minste strømningsrate Q1, gitt som Q3/Q1 eller R
  • Produsentnavn
  • Modell/type
  • Eit unikt serienummer
  • Kode som viser til godkjenningssertifikatet

Du kan lese meir om vassmålar på justervesenet sine nettsider.

Fakturering

Dersom du har vassmålar, blir du fakturert akonto. Det vil seie at vi sender deg faktura for eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden på vassmålaren, og vi samanliknar det reelle forbruket mot beløpet du har betalt.

Dersom du har betalt for mykje i høve til forbruket, får du tilbakebetalt. Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir. Dersom du nettopp har installert vassmålar, blir akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.

Avlesing

Vassmålaren skal lesast av i desember kvart år. Du har sjølv ansvar for regelmessig kontroll av vassmålaren. Då kan eventuelle store utslag som følgje av feilmåling, feil avlesing eller lekkasje, bli oppdaga så tidleg som mogleg.

Hugs at vasslekkasje i huset blir registrert på telleverket som forbruk, og du må betale for det.

Næringsverksemder med høgt forbruk skal melde inn målarstand oftare etter avtale med ØyVAR.

  • Avlesing
  • Målaravlesing på SMS
  • Målaravlesing på Internett eller papir
  • Er du røyrleggjar?